Ho dansar medan publikum kjem inn i teatersalen, Maria Kristine Hildonen. Ho, eller rettare, advokaten Tessa Ensler, er på toppen av verda. På den skrånande scena har ho total kontroll, ho kan dansa seg inn i dagen og natta, ho eig dei båe to. Drama frå rettssalenStykket juridisk omgrep som betyr tilsynelatande eller ved første augekast</p> ” data-term=”«Prima Facie»”>«Prima Facie» av den australske dramatikaren Suzie Miller har vore vist over heile verda.Einkvinneshowet har vunne fleire prisar, det har skaka og rørt og ført til ønske om endring i korleis overgrepssaker vert handsama i rettssystemet. Stykket har hatt slagkraft fordi det er godt skrive, men òg fordi dramatikaren har jobba som advokat tidlegare. Ho veit kva ho skriv om. Slagkrafta handlar også om godt skodespel. Svært godt. Makt og avmaktDet byrjar, som sagt, på toppen. Tessa Ensler er ein framifrå forsvarsadvokat, ein av dei beste, om ikkje den beste. Ho kjenner spelet i rettssalen, veit akkurat kva ho skal gjere. Ho vinn den eine saka etter den andre, og ho elskar makta ho har. Ho veit korleis ho skal så tvil, korleis skjønn kjem tiltalte til gode, og særleg er ho god som forsvarar i overgrepssaker. Så skjer det som ikkje skulle skje: Den profilerte forsvarsadvokaten vert utsett for overgrep. Ho vert sjølv eit offer, ho vel å melda overgriparen, og brått sit ho på andre sida i rettssalen og ser korleis hennar eigne teknikkar jobbar mot ho, kor lett det er å så tvil rundt det moglege offeret og hennar historie. BrutaltDen skrå scena i lyst tre er advokaten sitt dansegolv, boltreplass, leikegrind. Her er ho dronninga med stålkontroll. Ho viklar seg inn i eit kjærleiksforhold, og brått vert det skrå golvet for bratt, overgrepet er eit faktum, og ho mistar fotfestet, sklir frå det trygge platået og ned til det verkelege golvet der vanlege folk er. Boltreplassen hennar, det lyse tregolvet, reiser seg til ein massiv vegg som står brutalt og hardt opp mot ho. Her er ikkje nokon stad å gøyma seg eller sleppa unna.Hildonen gjer si første soloframsyning med «Prima Facie», og ho har stålkontroll. I dei minste rørslene, i alle detaljane, i dei brå vendingane teksten gjer frå ein situasjon til ein annan: Ho er lett å følga. Spelestilen er open, ho inviterer publikum inn, byr på tillit, medskaping, på å ta del i historia saman med ho. Sjølv om ho står åleine på scena, skapar ho ei verd rundt seg det er lett å sjå: Kollegaene på jobb, taxisjåføren og mora vert alle teikna opp med rørsler, ord og blikk. Små og sentrale detaljar er smart plasserte i spelet, rørslene utvidar det replikken seier. SlagkraftHeilt åleine er Hildonen likevel ikkje. På scena sit Elisabeth Mørland Nesset, merittert teater-trommis, kan ein seia. Ho har vore mykje brukt dei seinare åra, mellom anna av regissør Johannes Holmen Dahl. Hildonen og Nesset er båe lydhøyre scenekunstnarar, og Nesset gjev