3.46,63 og 7.22,91. Det er dei rykande ferske innandørs-verdsrekordane på éi engelsk mil (1609 meter) og 3000 meter, som nokre av dei fremste rivalane til Jakob Asserson Ingebrigtsen sørgde for laurdag kveld.– Det er perfekt motivasjon for Jakob Ingebrigtsen, seier NRKs friidrettskommentator Jann Post. Torsdag er det Ingebrigtsen sjølv som får høve til å fortsette rekordskredet. Da skal han springe éi engelsk mil i det NRK-sende stemnet i Liévin – staden der han sprang inn til verdsrekord på 1500 meter innandørs for tre år sidan.RekordskredLaurdag kveld var det New York som var staden å vere. Først var det 3000 meter, der Grant Fisher sprang inn til verdsrekord og vann like føre Cole Hocker.Fisher tok bronsen på 5000 meter i OL i fjor, som Ingebrigtsen vann, mens Hocker tok OL-gullet da Ingebrigtsen stivna og «berre» blei nummer fire på 1500 meter.Deretter kom éi engelsk mil, der det i utgangspunktet skulle bli ein duell mellom sølv- og bronsevinnaren frå 1500-meteren i OL, Josh Kerr og Yared Nuguse.Kerr blei sjuk i forkant, men i fråværet hans sprang altså Nuguse inn til verdsrekord på distansen.Begge delar kom i løpet av rundt 70 minuttar og førte til eit skred av nasjonale og personlege rekordar, i tillegg til verdsrekordane. I begge løpa var også begge dei to første under dei tidlegare verdsrekordane.– Ikkje mitt problemI intervjusona etter målgang blei Nuguse spurd om kva han tenkte om at Ingebrigtsen kunne ta rekorden.– Det får så vere. Eg bryr meg ikkje, svarte amerikanaren humrande til blant andre Citius Mag og Letsrun.com. – Det er ikkje mitt problem. Poenget er at eg har rekorden i dag. Eg er glad for det.For alt ligg til rette for at det kan bli med nokre få dagar som verdsrekordhaldar for Nuguse, med Ingebrigtsens løp i Liévin. NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal, trur ikkje rekordløpet laurdag endrar mykje for nordmannen.– Eg trur heilt ærleg at han ikkje bryr seg så mykje. Han er berre opptatt av seg sjølv og kva han skal gjere for å optimalisere prestasjonen sin. Eg trur han legg lite energi i desse resultata, seier han. – Eg trur han frykta at rekorden blei flytta meir. Det er tydeleg at han har gjort nokre baneøkter i det siste for å lade opp til det løpet og det er ein mann som liker å springe for verdsrekordar. Det er mogleg å springe med litt jamnare fart enn det dei gjorde her, supplerer Post.– Motivasjon på treningsbåletKommentatorduoen lèt seg først og fremst imponere av 3000-meteren på laurdag.Mens Hocker primært har vore kjent som ein spesialist på 1500 meter, har Fisher hevda seg best på 5000 og 10.000 meter tidlegare.– Det imponerer meg at Grant Fisher spurtar ned sjølvaste OL-meisteren, som er kjent for å vere ein veldig sterk avsluttar, seier Rodal.– Det er fem sekund bak verdsrekorden til Jakob frå i sommar utandørs, men den rekorden reknar eg som heilt vill. Det blir trass alt sprunge fortare utandørs enn innandørs, seier han vidare