– Vent, kviskrar Passy Mulabama.I bakgrunnen kan ein høyre eit uforståeleg bråk og menneske som snakkar. Så byrjar ho å leite etter orda.– Vakta utanfor huset vårt haldt på å bli skoten, men det gjekk bra … Vi kan halde fram no, seier ho.Mulabama har låst seg sjølv og familien inne i huset sitt i Goma, heilt aust i Den demokratiske republikken Kongo. Frå stovevindauget er dei vitne til kampane mellom troppar frå landets hær og den Rwanda-støtta Ein milits er ein militær styrke som i hovudsak består av frivillig, verva personell med avgrensa utdanning og utrusting.</p> <p>Kjelde: Store Norske Leksikon</p> ” data-term=”militsen”>militsen, M23.Dei siste dagane har kampane eskalert kraftig med mange drepne og fleire hundretusen er ført på flukt, ifølge FN.– Vi veit ikkje kva som kjem til å skje. Alt vi veit er at det hastar og at folk døyr, seier Passy MulabamaVerste eskalering på ti årDet har vore kampar rundt millionbyen Goma i fleire dagar. Måndag seier Ein milits er ein militær styrke som i hovudsak består av frivillig, verva personell med avgrensa utdanning og utrusting.</p> <p>Kjelde: Store Norske Leksikon</p> ” data-term=”militsen”>militsen M23 at dei har teke seg inn i byen og fått kontroll. Konflikten har knapt vore verre på ti år. M23 har også erbora Goma før, i 2012.Rwanda har i årevis blitt skulda for å stå bak M23, og støtte med mellom anna våpen og pengar. Rwanda har litt etter litt innrømma at dei spelar ei rolle.Tusenvis av menneske er drivne på flukt. Mange var allereie flyktningar, og har vore det lenge etter fleire tiår med konflikt. No er dei på flukt på ny.Goma er eit viktig knutepunkt i ein region kor det er mange mineral og mykje handel.Ein av regionens mest kjente innbyggjarar, Denis Mukwege, er ein kongolesisk fredsprisvinnar, menneskerettskjempar og gynekolog. Han meiner det meste av konflikt i Aust-Kongo handlar om mineral, og dermed også våre mobiltelefonar og elbilar.– Kongo er i ein økonomisk krig, der partane kjempar om å få kontroll over mineral, og spesielt kobolt som er mineralet som gjev oss tantalum, som igjen gir oss databrikker til bruk i elektronikk, mobilar, PC-ar.–Det er den mest omsette krisa i verda. Det er heilt uakseptabelt at denne krigen held fram, seier Denis Mukwege.– Det er ein alvorleg situasjon og eg er svært uroa. Kampane går føre seg langt inn i bykjernen og folk er veldig redde, seier Lindis Hurum, generalsekretær i Leger Uten Grenser i Noreg.På sjukehuset som Leger Uten Grenser driv i Goma, har dei teke i mot mange krigsskadde i løpet av dagen. Ifølge Hurum er mange av dei sivile.Anar ikkje kva som vil skjePassy Mulabama, søstera, foreldra og resten av storfamilien i Goma har ikkje hatt straum eller vatn på tre dagar. Batteriet på telefonane deira er i ferd med å døy ut.– I går torde eg meg ut ein liten tur fo