– Det er litt rart at nordmennene har seks frå start, mens alle andre har fire, seier Samuelsson til NRK.VM i skiskyting vil bli tungt prega av norske menn. Heile seks av dei ligg nemleg an til å få gå alle dei individuelle øvingane: Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Sturla Holm Lægreid, Vebjørn Sørum, Martin Uldal og Endre Strømsheim.Sjølv franskmennene som har slått knockout på nordmennene fleire gonger denne sesongen, må «nøye seg» med fire på start i VM-øvingane.Samuelsson, som er representant i utøvarkomiteen til Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU), antydar at nettopp den regelen bør endrast.– Det er ikkje urettferdig, for nordmennene er så bra. Men det er ein regel som bør diskuterast, seier svensken.– Kjem du til å ta det opp?– Ja. Eg synest vi skal snakke om det, seier svensken – som også blir oppfordra til å ta kontakt av IBU:– Vi har ikkje snakka med «Sebbe», men at han tenker at det kanskje er for mykje, er heilt fint. Vi er alltid opne for å diskutere reglar og som leiar for utøvarkomiteen, så kan han og utøvarane når som helst komme med eit forslag om dei vil diskutere denne regelen, seier kommunikasjonssjef Christian Winkler til NRK.VM i skiskyting blir arrangert i sveitsiske Lenzerheide frå 12. til 23. februar. Meisterskapen blir send på TV på NRK og TV 2, og alt blir også sendt på radio på NRK Sport.
– Ein ekstrem letteMens nokre av dei norske rivalane har forståing for Samuelssons tankegang, er det andre som fnyser av utspela til profilen.– Eg trur alle som er glade i toppidrett vil ha så høgt nivå som mogleg. Viss «Sebbe» er redd for konkurranse, så er det hans problem, seier den norske skiskyttaren Endre Strømsheim til NRK.Det var nettopp Strømsheim som hadde ei nøkkelrolle i å sikre den norske makskvoten, som nummer 14 i verdscupen samanlagt før VM.Reglane til IBU seier at makskvoten i utgangspunktet er fire utøvarar. Men viss ein nasjon har meir enn fire utøvarar topp 15 i verdscupen samanlagt, kan dei stille med fem av dei. På toppen av det kan ein få ein sjette plass om ein har den regjerande meisteren.Noreg har nå seks løparar topp 15 i verdscupen og regjerande verdsmeister på alle individuelle distansar. Og får dermed seks plassar i VM-øvingane.Regelverket førte til overraskingar i den norske leiren for to år sidan: – Det er ein ekstrem letnad. Det har vore blytungt frå nyttår. I år har det vore mange skirenn med dårleg form. Det er ein sjuk lette å klare det, og nå kan eg endeleg nullstille og komme i form, seier Strømsheim om å ha trygga topp 15-plasseringa i Anterselva førre veke.Han får støtte av lagkameratane. Likevel kan kometen Martin Uldal forstå at Samuelsson vil diskutere regelen.– Den er litt rar, for du kan ha regjerande meistrar og topp 15 på start. Det øydelegg litt for verdscuputtaka våre òg. Eg og Endre var på kanten til topp 15, og da bør vi få gå dei siste renna før VM for å klare det. Det bl
Profilurile naționale râd de declarația suedeză: – Este problema lui

Leave a comment