I dag har begge parti møter på Stortinget. Framtida til regjeringa står på spel og dagen har tre moglege utfall.
Vi rapporterer frå StortingetPublisert
Oppdatert
PublisertOppdatertVi rapporterer frå Stortinget
Stortingsgruppene til både Senterpartiet og Arbeidarpartiet held møte på Stortinget i dag.I desse møta står regjeringssamarbeidet på spel.Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum må møte for å svare for sine eigne.Utover dagen og kvelden har stortingsgruppa til Senterpartiet fått beskjed om å vere i beredskap og klare for hastemøte, opplyser kjelder til NRK.Kampen står om tre EU-direktiv. Dei er ein del av EU sin fjerde energimarknadspakke.Arbeidarpartiet vil innføre desse tre delane av pakken og meiner det må skje no. På den andre sida står Senterpartiet og nektar. Dei vil ikkje innføre desse tre direktiva og meiner det knyter Noreg tettare til EU.
Så langt har begge parti sett hardt mot hardt.Etter det NRK kjenner til diskuterer Ap-gruppa fleire punkt for å lokke med Sp:Dei vil mellom anna tilby betre ordningar på fastpris på straum. Og ei ordning for å få jamnare pris på nettleige i ulike delar av landet.Dagen i dag har tre moglege utfall:Det mest dramatiske utfallet vil vere om Senterpartiet går ut av regjering.Det vil vere slutten for Støre-regjeringa slik vi kjenner den i dag. Dei to partia har styrt landet saman sidan valet i 2021.
Om dette blir tilfellet får vi ei rein Ap-regjering. Ei slik regjering er langt ifrå å ha eit fleirtal på Stortinget. Dermed må Ap drive forhandlingar med fleire parti for å få gjennom ei sak på Stortinget.Då må statsministeren erstatte dei åtte statsrådane til Sp.Finansminister – Trygve Slagsvold Vedum
Utviklingsminister – Anne Beathe Tvinnereim
Barne- og familieminister – Kjersti Toppe
Forsvarsminister – Bjørn Arild Gram
Justis- og beredskapsminister – Emilie Enger Mehl
Landbruks og matminister – Geir Pollestad
Kommunal- og distriktsminister – Erling Sande
Forskings- og høgare utdanningsminister – Oddmund Hoel
Dagen kan ende med at Støre og Vedum blir einige om å gå vidare saman.Då held regjering fram som før.Om dette skal skje, så må eitt av partia fire på sine standpunkt. Fram til no har frontane vore harde og dette har vist seg å vere vanskeleg.Arbeidarpartiet har argumentert for at Noreg må følgje opp skriva som kjem frå EU for å sikre eit godt samarbeid med resten av Europa.Senterpartiet vil ikkje vere med på dette fordi dei er imot å knyte seg tettare til EU. Dei meiner stadig nye EU-direktiv skapar usikkerheit for mellom anna straumprisen.Så langt har Arbeidarpartiet og Senterpartiet stått hardt på sitt. Samstundes har partileiarane vist teikn til at dei vil at regjeringa skal halde fram som før. Då går striden vidare slik vi har sett den siste veka.For regjeringa er det ein vanskeleg situasjon fordi energikrisa stel all merksemd frå andre saker. Vedum, Støre og så godt som alle andre i regjeringa har få