Sp-leiaren vil ikkje svare på om partiet kan gå ut av regjeringa for saka.
Publisert
Oppdatert
Publisert
Oppdatert
Usemja i regjeringa held fram. Verken Sp eller Ap er villige til å fire på krava om dei tre omstridde EU-direktiva.Dei siste dagane har det vore hektisk møteverksemd for regjeringspartia.Arbeidarpartiet og Senterpartiet blir ikkje einige om tre EU-Direktiv betyr rettningslinje eller forskrift. EU-direktiv er éin av tre typer EU-lover. Dei to andre typene EU-lover er forordningar og enkeltvedtak.</p> <p> </p> ” data-term=”direktiv”>direktiv, og vil ikkje fire på krava.Tvistens kjerne er om regjeringa skal innføre dei no, eller om dei skal vente til etter valet.– Det som er viktig for oss er å få meir nasjonal kontroll i straumpolitikken, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), på veg inn til Senterpartiets sentralstyre.Han svarer ikkje på om dei kan gå ut av regjeringa på grunn av denne saka.– Vi meiner det å gi frå seg meir makt til EU er feil, at vi heller må utfordre motsett veg.Nestleiar og utviklingsminister Anne-Beate Tvinnereim (Sp) er også taus om regjeringssamarbeidet.– For Senterpartiet er dette ei viktig sak. Det handlar om å kunne ha politisk kontroll i framtida.Tidlegare måndag morgon møttest energiminister Terje Aasland (Ap) og senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad i NRKs Politisk kvarter.– Kva skal til for å bli sittande i regjering?– Vi har over lang tid sagt at vi ikkje vil dele opp pakken. Det aller beste hadde vore om vi utsette heile pakken til etter valet, seier Senterpartiets Marit Arnstad.Dei tre direktiva er ein del av ein større «Clean Energy for All Europeans» består av totalt åtte forordningar og direktiv. </p> ” data-term=”energipakke”>energipakke med fleire direktiv og forordningar.Ingen kompromiss i kjømda– Er det noko moglegheit for at de droppar krava, for å halde fram i regjering?– Eg skal ikkje forskotere drøftingane i regjering. Vårt utgangspunkt er klart: Vi meiner denne pakken må bli sett på som ein heilskap, legg Arnstad til.Regjeringspartnaren understrekar at dei vil halde fram samarbeidet, trass i usemja.– Det er viktig for Arbeidarpartiet at Senterpartiet forsett. Vi har gjort store politiske ting, viktige ting i løpet av dei tre og eit halvt åra vi har styrt saman no.Men Arbeidarpartiet vil likevel ikkje gå med på eit kompromiss.– Nei, vi har lagt dei fram fordi vi meiner det er viktig å få ned noko av etterslepet på energiområdet, svarar Aasland.Også Senterpartiet står framleis på sitt.– Nei, vi vil ikkje behandle dei for seg sjølve, seier Arnstad om dei tre direktiva. – For Senterpartiet handlar dette først og fremst om at vi ikkje ønsker å bli ein del av marknaden. Det er ein dysfunksjonell kraftmarknad som påfører oss store auka straumprisar i dag.Vil finne ei løysingKlokka 14.15 er det varsla