– Boikott er alltid dumt. Sport er ein av få ting som opnar opp samfunn som ikkje har vore så bra, og som bygger bruer mellom religionar og kulturar, seier Adidas-sjef Bjørn Gulden til NRK på spørsmål om fotball-VM i Saudi-Arabia i 2034.– Kva slags bruer blir bygde ved at migrantarbeidarar blir utsette for tvangsarbeid og mistar livet som følge av farlege arbeidsforhold? Kva for ein samlande effekt vil det ha om ein fengslar folk som kritiserer idrettsmeisterskap, svarer Amnesty til NRK.I desember blei det klart at Saudi-Arabia blir vertsnasjon for fotball-VM i 2034. Dei fekk ingen konkurranse og hadde det einaste godkjente bodet på Fifa-kongressen.– Ein utruleg svak prosessMange i Noreg har vore kritiske til tildelinga. Dei peikar både på korleis tildelinga har skjedd, og menneskerettsbrota som går føre seg i landet.Sjølv valde Noregs Fotballforbund å avstå frå å stemme.– Det er eit bevisst signal om at vi ikkje kan støtte framgangsmåten til Fifa, sa fotballpresident Lise Klaveness til NRK den gongen.Dagen Saudi-Arabia blei tildelt meisterskapen, sa Fifa-president Gianni Infantino dette frå talarstolen:– Sosiale forbetringar og positive menneskerettar er noko ein verdsmeisterskap har ansvar for. I dag er ei feiring av fellesskap.Samtidig la han til:– Vi er klare over kritikk og bekymringar. Eg stoler fullt på at vertane våre adresserer alle delar av denne prosessen, og leverer ein verdsmeisterskap som møter forventningane i verda.Det er ikkje politisk rådgivar i Amnesty, Frank Conde Tangberg, einig i:– Fifa har gjennomført ein utruleg svak prosess der ein på ingen måte har brukt innverknaden som låg i tildelinga til å vise at ein vil respektere menneskerettane. Tvert om ser det ut til at dei ikkje bryr seg om risikoen, og sjølv risikerer å bli ansvarlege for grove menneskerettsbrot.Det har ikkje lykkast NRK å få eit tilsvar frå Fifa. Amnesty: – Verkar lite gjennomtenkt– Store meisterskap må også kunne vere i land der folk treng å forbetre seg. Det er einaste grunnen til at folk drar dit. Eg er 100 prosent sikker på at sport opnar opp og forbetrar ting, seier Gulden.Adidas, med Gulden i spissen, sponsar fleire landslag som blir å sjå i VM 2034. Den tyske sportsgiganten har også eit samarbeid med Fifa.– Dei planane vi har sett, og eg har sjølv vore der fleire gonger, seier meg at det er ei positiv utvikling på grunn av sport. Så skal det seiast at eg ikkje har vore der når det ikkje har vore sport. Det eg høyrer og ser, frå folk som bur der, både menn og kvinner, er at det kjem til å bli betre på grunn av sport, seier Gulden.– Dette verkar lite gjennomtenkt frå Gulden. I Saudi-Arabia er det mange som blir dømte til fleire tiår i fengsel, sjølv når dei snakkar fram reformer som myndigheitene gjennomfører. Det er heller inga uavhengig presse og det blir ikkje gjennomført uavhengige meiningsmålingar, kontrar Tangberg i Amnesty.Han understrekar samtidig at noko har betra s