Måndag opplyste Tina Søreide sjølv at ho valde å gå av som direktør for Konkurransetilsynet i Bergen, tre år før tida.– Det er mykje eg er fornøgd med, men ser no at eg heller bør ta fatt på nye oppgåver, skreiv Søreide i ein SMS til NRK.No kan NRK fortelje at bakteppet er at rundt 20 tilsette sende inn varsel mot ho i haust.– Det har kome inn ei rekke varsel om leiarstilen hennar og uforsvarleg arbeidsmiljø. Rundt 20 personar frå ulike delar av organisasjonen har varslarstatus, seier hovudverneombod Erling Espeskog.Søreide stadfestar til NRK tysdag at det har kome varsel, men at det ikkje er innhaldet i varsla som gjer at ho går av.– Ovanfor varsla, har eg vore igjennom ein omfattande Kontradiksjon handlar om retten dei involverte i ei sak har til å gjere seg kjent med og uttale seg om opplysningar som kjem fram i saka. Det handlar også om retten til å skildre sin versjon av saka og å imøtegå motparten sine påstandar.</p> ” data-term=”kontradiksjonsrunde”>kontradiksjonsrunde med arbeidsgivaren min. I den forbindelse har eg også lagt fram omfattande dokumentasjon. Ho seier ho kunne ha halde fram i jobben med støtte frå departementet. – Gjennom ein konstruktiv dialog, fann me midlertidig ei anna løysning, seier Søreide.– Dette har vore ein krevjande situasjon, legg ho til.Les heile tilsvaret til Søreide lenger nede i saka. «Omfattande og alvorlege forhold»Hovudverneombod Espeskog vil ikkje kommentere innhaldet i varsla, men omtalar det som «omfattande og alvorlege forhold».Varsla har blitt behandla i Nærings- og fiskeridepartementet, opplyser han.– Dette er ei personalsak som har enda i det vi har sett no. Det har gått føre seg over ei tid og vore ei stor belastning for mange, seier Espeskog.Det er Håvard Rusken i Juristforbundet og Kristjan Rustad i Samfunnsøkonomene som er hovudtillitsvalde i Konkurransetilsynet. Dei stiller seg bak Espskog si utsegn.– Det har vore ei konflikt som handlar om leiarstilen til konkurransedirektøren. Vi er glade for at vi har komme til denne konklusjonen og at vi no kan legge det bak oss og sjå vidare. Vi ønsker ho lukke til vidare, seier Rusken.NRK har så langt ikkje fått svar frå departementet om denne saka.– Oppteken av arbeidsmiljøDet var DN som først meldte at Søreide går av. Dei gir att ei internmelding Søreide har lagt ut på intranettet til Konkurransetilsynet.Der skriv ho blant anna:Og:– Kva tenker du om det ho skriv i internmeldinga gjeve att i DN, Espeskog?– Det er riktig at det har vore organisasjonsendringar, men det er ikkje der skoen trykker, seier hovudverneombodet.«Koordinerte klager»Søreide seier det har kome «koordinerte klager», og at ho tenker at det «ikkje er hald» i varsla.– Det har ikkje vore meldingar som har gjort at eg måtte forlate stillinga mi. Eg har vore ein engasjert og dedikert leiar. Eg har vore opptatt av å kome i møte forventnin