Den siste månaden har vore svært innhaldsrik for Magnus Carlsen. Og sjakkstjerna trivst godt som ein gift mann.
Publisert
Medan konflikten rasar i sjakkverda rundt Carlsen-prosjektet Freestyle Chess, har Carlsen sjølv halde seg relativt langt borte frå media etter VM i hurtig- og lynsjakk i romjula i New York.2. januar landa Carlsen i Oslo og berre to dagar seinare var det klart for bryllaup, med vigsling i Holmenkollen kapell og etterfølgande fest på ærverdige Grand Hotel midt i Oslo sentrum.Det skapte også overskrifter at Carlsen i dei seine nattetimane etter bryllaupet spelte sju lynsjakkparti mot sjakkprofilen Daniel Naroditskij på sjakkplattforma Chess.com.– Bryllaupet var veldig moro. Det var så mykje kjærleik frå alle, seier Carlsen i eit videointervju med Gambling Insider. Stadig på reisefotIntervjuet blei gjort i Barcelona, der Carlsen var til stades på ein konferanse. Der lettar han meir på sløret om korleis det er å vere ein gift mann.– Det var ærleg talt den beste helga i livet mitt, så langt. Eg har ikkje hatt høve til å slappe av så mykje etter det. Det har vore mykje reising og mykje å gjere, men det kjennest veldig bra, seier Carlsen.Nordmannen har tidlegare i januar også vore i Tyskland for å spele i Bundesligaen.Kona Ella har måndag ettermiddag lagt ut ein video på Instagram av dei to og Carlsen-trenar Peter Heine Nielsen med teksten «Freestyle-treningsleiren har begynt».– Sjakk vil alltid vere større enn megFramover handlar nettopp mykje om Freestyle Chess-prosjektet for Carlsen. Nordmannen står i spissen for prosjektet, saman med gründer Jan Henric Buettner.I 2025 skal dei arrangere fem turneringar, der deltakarane spelar fischer-sjakk. Speleforma skil seg frå vanleg sjakk ved at brikkene har ei anna oppstilling enn normalt. Totalt finst det 960 variantar.Utgangspunktet er så vidare at dei fem turneringane skal fungere som ein slags verdscup, med poeng til dei ti beste i kvar turnering. Samanlagtvinnaren skal så bli kalla verdsmeister – ønsker Freestyle Chess.Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) har tatt til motmæle og har varsla rettslege steg viss Freestyle Chess bruker omgrepet verdsmeister om samanlagtvinnaren.Carlsen har så langt ikkje kommentert striden, men han fekk spørsmål av Business Insider om det kan vere ein fare for at éin personlegdom blir større enn sjakksporten.– Det har vore tilfelle, der eg føler at spesifikke organisasjonar kanskje har trunge meg meir enn eg treng dei. Sjakk vil alltid vere større enn meg, men kanskje ikkje spesifikke organisasjonar, seier Carlsen, og held fram:– For meg handlar det meir om at eg generelt er hyggeleg, men eg vil ikkje frivillig stå og sjå på ting eg meiner er gale. Det er det som av og til skaper konfliktar. Eg er i ein posisjon der eg av og til kan tillate meg å vere mindre medgjerleg.Neste turnering for Carlsen blir no årets første Freestyle Chess-turnering i tyske Weissenhaus frå 7. til 14. februar – sa
Carlsen dezvăluie despre propria sa nuntă: – Cea mai bună weekend din viața mea

Leave a comment